Vossestrand sogelag
  • Heim
  • Fotoarkivet
  • Arkiv
    • Artiklar
    • Lydopptak/Podkast
    • Diverse dokument
  • Bøker
  • Tema
    • Stadnamn-prosjektet
    • Slektsgransking
    • Soger og segner
    • Minnesmerke
    • Merkesmenn
    • Gamle vegar
    • Kyrkja og kristenliv
    • Gamalt teknisk
    • Andre nettsider
    • Krigen
    • Gamle ord og utrykk
  • Sogelaget
  • Medlem?
  1. Du er her:  
  2. Heim
  3. Fotoarkivet
  4. Veiding og friluftsliv

Veiding og friluftsliv

  • Ukjent

    Funne i Sogelaget sitt Arkiv

    img
    img
  • Folk og hjort 1962

    Fv: Per Sivlesøy
    1917 -

    Gunnar Vangsnes
    1938 -

    Hans Dregelid
    1917 - 2002
     
    Eigar av bilete: Gunnar Vangsnes
    Samla inn av: Oddvar Drevsjø
    foto0784
    foto0784
  •  

    1940 Jakt - Grindaflaetane
    (Nordlandecho var ei tysk soldatavis som kom ut på Voss 1940-41
    Avisa Hordaland har ei komplett samling av denne avisa.
    Denne artikkelen er oversett av Per Husdal

    Norge vart okkupert av Hitler sine soldatar i 1940.
    Alle våpen - også jaktvåpen - måtte leverast inn til lensmannen. Berre når ein tysk offiser eller ein norsk nazist var med, fekk ein utlånt våpna for bruk ved reinsdyrjakta.

    Artikkel i "Nordlandecho" frå hausten 1940 (skrive av ein tysk løytnant)
    PÅ REINSDYRJAKT
    Tidleg om morgonen medan det enno er mørkt går me til fjells frå Stalheim i retning Mjølfjell i lag med ein norsk jeger, Martin Rygg, og ein annan mann (o.a. Anders Vinje, Synvalars-Andris.han var dreng hjå Lensmann Ingebrikt Sundve, som budde på Vasstrondè). Nordmennene er øvde fjellfolk og legg i veg med stort tempo. Me må kjempe for å hengja på.
    Etter ein times oppstiging i eit utturka elvelaup, tek me 10 minutt pause. Så går det vidare.
    I middagstida når me snøgrensa og dermed også reinsdyrområdet.
    Etter ein vidare anstrengande marsj over eit fjell kjem me fram til Martin si jakthytte (o.e. Grindaflethytta). Det er ei lita hytte bygd av steinar. Ho er berre 1,50 x 1,50 meter stor. Til tross for den "vesle storleiken" gjev hytta oss godt ly for det harde været der.
    Til middag hadde me god kaffi som dei to nordmennene kokte i snøggvende på den vesle omnen i hytta..
    Etter å ha styrkt oss på kaffien går vi ut att og opp på ein 100 meter høgare topp for å sjå etter dyr, men det var ikkje noko å sjå. Eit kraftig snøvêr sperra for sikten. Då var det ikkje noko anna å gjera enn å gå tilbake til hytta og vona på betre jaktvêr.
    Hytta er iskald, Den vesle omnen gjev ikkje noko varme å snakka om. Berre isen på steinane byrjar å smelta og vatnet dryp. Vi må vera tilfreds med dette - noko betre finst ikkje.
    Etter at me hadde stilt vår ulvesvolt, prøvde me, kvar for oss å sova i teppa våre. Dette gjekk ikkje så lett. I hytta budde mange mus som heldt oss vakne.
    Klokka tre om natta skjedde ein liten sensasjon. Martin har fanga ei mus og som han let dingla etter halen. Noko søvn vert det ikkje meir - det er for kaldt.
    Om morgonen ligg det 10-15 cm nysnø. Lukkast ikkje jakta no, så vil ho vel aldri lukkast.
    I strålande sol går me atter opp på toppen. Me ser oss rundt over alt, men ingen dyr er i sikte.
    Så borte ved ein annan topp ser me spor. Fagkunnig stadfestar Martin at det er spora av omlag 40 dyr. Me er overraska av at han kan sjå det, men han har kunnskapen. Men, me er enno ikkje der. Me må over eit gjel og opp eit brattlende før me kjem så langt. No går det i rasande tempo. Dei to nordmennene kan ein ikkje halda tilbake. Dei spring i veg gjennom snøen utan å sjå seg tilbake ei einaste gong. Me bak så godt me kunne - heit utkøyrt kjem fram.
    I mellomtida har vår gode Martin funne ut at flokken må vera i nærleiken. Spora er heilt friske. Me går vidare og ser til alle sider. "Der er dei" ropar korporalen som er med meg. Me kastar oss ned og ser på dei med kikkert. 500 meter borte beiter dyra i ein solskråning. Dei er spreidd over ei breidde på 1000 meter. Eg kan ikkje så meg mett på dei fargerike dyra, som fyrst grev snøen vekk me horna og så med klauene. Eg gløymde likevel ikkje å søkja meg ut ein stor bukk. Medan eg låg der i eigne tankar, kjende eg Martin sin kraftige neve i nakken. Han rista meg kraftig og synte framover mot dyra. Han fyrst og eg etter. Me smyg oss framover mot kanten av ein skråning. Men så får dei dyra som beiter øverst lukta av oss og spring nedover. Vi skundar oss fram mot kanten. Eg brukar korporalen som støtte for geværet. Martin brukar ein stein. Det er enno 200 - 250 meter til dyra. Me skal telja
    til tre. Martin er så oppjaga at han skyt på to i staden for 3. Eg trefte bukken min, men han falle ikkje og gjekk sakte avgarde. I ein skråning stogga han så eg kunne skyta ein gong til, men skotet berre streifa han. Fyrst den tredje kula la han ned.
    No spring me opp. Martin ropar av glede. Han viftar med hendene i lufta, så vil han omarma meg og ristar til slutt hendene mine. Så er han borte. Også han hadde treft ein bukk som hadde ramla nedover skråninga. Martins bukk var litt mindre enn min, men begge hadde like prektige horn.
    (o.a. Dei som kjende Martin er ikkje einig med forteljinga korleis han oppførde seg. Det var vel heller tyskaren som hoppa og dansa. Sjå forteljinga om Major Klein på jakt i 1940)
    Så kjem det tyngste arbeidet. Dyreskrottane vert dregne over høgda og ned på den andre sida. Nysnøen er her ein god hjelpar. Skrottane pakka inn i teppa me hadde med og lagt ned i ei grop og dekka med steinar og snø for å beskytta dei mot rovdyr. Seinare skal kjøtet hentast.
    Klokka 5 byrja me å gå nedover. Martin sa frå at me måtte skunda på skulle me koma ned før det vart mørkt. Me klarde det, men det var anstrengande.
    Informasjon frå Olav Fyrde, son til Martin:
    Ein par dagar etter jakta var Olav, med Anders Vinje som kjentmann, avgarde og henta kjøtet. Dei brukte Ingebrikt Sundve sin hest og gjekk opp frå Brandset.
    Samla inn av: Vossestrand Sogelag
    200306030012w
    200306030012w
  • 2005 - Artikkel av Halle Skjervheim

    Samla inn av: Vossestrand Sogelag
    villrein2005w
    villrein2005w
  • bildj001w
    bildj001w
  • 1935

    Personane er: 1.Lars Bjørgås, 2. Mons Straume, 3.Odd Bratthole, 4.Johan Husdal, 5.Kolbein Straume, 6.Anders Sundve, 7.Per A. Naasen eller Olav M. Rekve, 8.Knut Gjerstad, 9.Olav A. eller T. Hæve, 10.Lars P. Draugsvoll, 11.Brynjulf Herheim ellerKlaus Vehte, 12.Bjarne Røthe, 13.Henrik Hommedal Lund, 14.EirikVeka Vetlestølen, 15.Jørn Tvinde, 16.Odd Oddsen Hæve,17.Anders M. Rekve, 18.Olav N. Røthe, 19.Johannes Rongen, 20.? Gilgjarhus, 21.Anders Hirth Hæve, 22.Anders Haga Bruteigen, 23. Eirik O. Hæve.  

    Eigar av bilete: Elisa Sundve
    Samla inn av: Per Husdal
    Fotograf: Nils Midtun
    bildj002ww
    bildj002ww
  • Reinsdyrjegerar frå Vossestrand, 1. september 1939

    Frå venstre: Kolbein Straume, Klemmet Fjellby og Johan Husdal. Sitjande: Lars Fjeli Herheim.

    Samla inn av: Per Husdal
    Fotograf: Nils Midtun
    bildj003w
    bildj003w
  • Reinsdyrjegarar i september 1940

    Historien frå denne jakta kan du lesa  Her  eller finna det i : Arkiv/ Artikler

    Frå venstre: Sjur Hommedal, Major Klein (Wehrmacht), KolbeinStraume, Nils Midtun, Sigmund Engeland, Johan Husdal og Olav N. Røthe. Foto Deutsche Wehrmacht, utlånt av Gunnar Midtun. Historien om jakta er å finna i "Gamalt frå Voss" som kom til jul 2001.Meir informasjon om major Klein: Walter Klein, fødd31.08.1890 i Drespe, Krs. Köln. Døde 22.03.1941 i eit snøras ved Mjølfjell. Tilhøyrde Stab III/Infanteriregiment 193.Er gravlagd på gravstaden for tyske soldatar, Bergen/Solheim. Han let etter seg ei kone, som døde 29.04.1985.

    Eigar av bilete: Gunnar Midtun
    Samla inn av: Per Husdal
    Fotograf: Deutsche Wehrmacht
    bildj004w
    bildj004w
  • Jegerar frå Holbygda og Myrkdalen i åra 1930-1940

    Frå venstre: Thorstein Skjervheim, Olav Sundve, Mons Straume, Lars fjeli Herheim, Lars Kb. Mørkve, David Sausjord, ??? ,  Anders Frønningen.

    Eigar av bilete: Gunnar Midtun
    Samla inn av: Vossestrand Sogelag
    bildj005w
    bildj005w
  • På reinsjakt i Strandafjella
    av Johan Husdal
    Johan Husdal (1895-1989) var meieristyrar på Vossestrand Meieri frå 1924 til 1964 .
     
    Han var oppvaksen på ein fjellgard i Lindås og
     levande interessert i alt som hadde med fjellet å gjera. I mange år var han med på reinsjakta, og i 1985 skreiv han ned ymse minne frå jaktturane han hadde vore med på. Han kalla det ”Jaktkrønike 1934 - 1974”, og Gamalt frå Voss prentar her eit utdrag: 
      Vossestrand reinsdyrlag vart skipa i 1929. Det vart innkjøpt 10 dyr, 8 simler og 2 bukkar. Den eine bukken dauda fyrste vinteren. Fleire gonger prøvde reinen å dra tilbake til Finse, der dyra var kjøpte, men kvar gong vart deimøtte og jaga tilbake til Bytningane, der dei var sleppte. Fyregangsmennene for kjøpet og sleppinga av reinen i Horgafjelli var Nils O. Midttun og Anders Arnfinnsen Gavle. Det var dei som passa på reinen og såg etter dyra, både sumar og vinter. Luteigarar i laget var berre dei som hadde skyldsett jord. Fyrste kalvinga gjekk fyre seg i Bytningane, og der heldt reinen til i mange år med kalvinga. 
    Eigar av bilete: Per Husdal
    Samla inn av: Per Husdal
    johan1958
    johan1958
visingar
/10

Ukjent

Funne i Sogelaget sitt Arkiv

Folk og hjort 1962

2005 - Artikkel av Halle Skjervheim

Samla inn av: Vossestrand Sogelag

1935

Personane er: 1.Lars Bjørgås, 2. Mons Straume, 3.Odd Bratthole, 4.Johan Husdal, 5.Kolbein Straume, 6.Anders Sundve, 7.Per A. Naasen eller Olav M. Rekve, 8.Knut Gjerstad, 9.Olav A. eller T. Hæve, 10.Lars P. Draugsvoll, 11.Brynjulf Herheim ellerKlaus Vehte, 12.Bjarne Røthe, 13.Henrik Hommedal Lund, 14.EirikVeka Vetlestølen, 15.Jørn Tvinde, 16.Odd Oddsen Hæve,17.Anders M. Rekve, 18.Olav N. Røthe, 19.Johannes Rongen, 20.? Gilgjarhus, 21.Anders Hirth Hæve, 22.Anders Haga Bruteigen, 23. Eirik O. Hæve.  

Eigar av bilete: Elisa Sundve
Samla inn av: Per Husdal
Fotograf: Nils Midtun

Reinsdyrjegerar frå Vossestrand, 1. september 1939

Frå venstre: Kolbein Straume, Klemmet Fjellby og Johan Husdal. Sitjande: Lars Fjeli Herheim.

Samla inn av: Per Husdal
Fotograf: Nils Midtun

Reinsdyrjegarar i september 1940

Historien frå denne jakta kan du lesa  Her  eller finna det i : Arkiv/ Artikler

Frå venstre: Sjur Hommedal, Major Klein (Wehrmacht), KolbeinStraume, Nils Midtun, Sigmund Engeland, Johan Husdal og Olav N. Røthe. Foto Deutsche Wehrmacht, utlånt av Gunnar Midtun. Historien om jakta er å finna i "Gamalt frå Voss" som kom til jul 2001.Meir informasjon om major Klein: Walter Klein, fødd31.08.1890 i Drespe, Krs. Köln. Døde 22.03.1941 i eit snøras ved Mjølfjell. Tilhøyrde Stab III/Infanteriregiment 193.Er gravlagd på gravstaden for tyske soldatar, Bergen/Solheim. Han let etter seg ei kone, som døde 29.04.1985.

Eigar av bilete: Gunnar Midtun
Samla inn av: Per Husdal
Fotograf: Deutsche Wehrmacht

Jegerar frå Holbygda og Myrkdalen i åra 1930-1940

Frå venstre: Thorstein Skjervheim, Olav Sundve, Mons Straume, Lars fjeli Herheim, Lars Kb. Mørkve, David Sausjord, ??? ,  Anders Frønningen.

Eigar av bilete: Gunnar Midtun
Samla inn av: Vossestrand Sogelag
På reinsjakt i Strandafjella
av Johan Husdal
Johan Husdal (1895-1989) var meieristyrar på Vossestrand Meieri frå 1924 til 1964 .
 
Han var oppvaksen på ein fjellgard i Lindås og
 levande interessert i alt som hadde med fjellet å gjera. I mange år var han med på reinsjakta, og i 1985 skreiv han ned ymse minne frå jaktturane han hadde vore med på. Han kalla det ”Jaktkrønike 1934 - 1974”, og Gamalt frå Voss prentar her eit utdrag: 
  Vossestrand reinsdyrlag vart skipa i 1929. Det vart innkjøpt 10 dyr, 8 simler og 2 bukkar. Den eine bukken dauda fyrste vinteren. Fleire gonger prøvde reinen å dra tilbake til Finse, der dyra var kjøpte, men kvar gong vart deimøtte og jaga tilbake til Bytningane, der dei var sleppte. Fyregangsmennene for kjøpet og sleppinga av reinen i Horgafjelli var Nils O. Midttun og Anders Arnfinnsen Gavle. Det var dei som passa på reinen og såg etter dyra, både sumar og vinter. Luteigarar i laget var berre dei som hadde skyldsett jord. Fyrste kalvinga gjekk fyre seg i Bytningane, og der heldt reinen til i mange år med kalvinga. 
Eigar av bilete: Per Husdal
Samla inn av: Per Husdal
img
foto0784
200306030012w
villrein2005w
bildj001w
bildj002ww
bildj003w
bildj004w
bildj005w
johan1958
    visingar
    © 2025 Vossestrand sogelag. Nettsideløysing frå www.logolink.no
    • Heim
    • Fotoarkivet
    • Arkiv
      • Artiklar
      • Lydopptak/Podkast
      • Diverse dokument
    • Bøker
    • Tema
      • Stadnamn-prosjektet
      • Slektsgransking
      • Soger og segner
      • Minnesmerke
      • Merkesmenn
      • Gamle vegar
      • Kyrkja og kristenliv
      • Gamalt teknisk
      • Andre nettsider
      • Krigen
      • Gamle ord og utrykk
    • Sogelaget
    • Medlem?