Holbygdè, januar 1942
Doktor Frau Dorothee Schmitz-Köster i Bremen, Tyskland lagar radioprogram og skriv bøker om Hitlertida i Europa.
Faren, som var tysk soldat i Norge under 2. verdskrigen, var mellom anna også stasjonert på Voss.
Ei av bøkene heiter "Der Krieg meines Vaters" (Far min sin krig). Der vert det også fortalt frå den tida faren var på Voss.
Boka kostar 8,95 EUR og kan bestillast under nummer ISBN 3-7466-8114-6.
Rudolf Schmitz let etter seg ein fotoalbum. Dotter hans, Dorothee Schmitz-Köster, har overlete til meg nokre foto frå albummen, slik at eg kan offentleggjera dei her. Alle bileta er frå ei vinterøving i januar 1942. I boka finn ein fleire foto.